MO Laksegard

Bjørn Moe er med deg, nesten over alt, og gjer besøket på Laksegarden til ei logn og god oppleving. Han er liksom så nedpå, Bjørn. Alt er mulig, alt går an, og alle kan bli med. Laksegarden ligg på Mo i Sand i Skattkammeret Suldal, og næraste tettstad er Sand – i Ryfylke. Det er mange hundre år med historie om gardsbruk, jakt og fiske i møtet med Bjørn. Odelsgut og vida kjend for sitt engasjement og skapartrong i eigen dal, og langt ut over fylket sine grenser. Den gamle skulestova vart gitt Bjørn som en gåve frå bygda og Suldal kommune, med eit ønskje om at Bjørn kan forvalte denne betre enn nokon andre. Og når titals tv stasjoner frå hele verda, Australia og Japan med, har besøkt Bjørn, er det nok fordi det ikkje bare er snakk, men handling her på garden. Maten er god og heimelaga, vertskapet er alltid til stades, lune møterom og mingleplassane mangfaldige.

Suldalslågen

Elva og laksen er som Bjørn, vide kjent. Ei av dei finaste lakseelvene på Vestlandet har gitt både rikdom, opplevingar og konfliktar gjennom tusenar av år, og kampen om laksen ligg ikkje berre hjå fiskaren, men har inkludert prester, kjøpmenn, reiarar, bønder og folk flest. Laksen i Lågen er stor, og er blant dei største som nokon gong er fiska på stang i Noreg. Heile 34 kilo vog laksen som drog båt med fiskar og roar ut på fjorden og 10 km retning Sauda.12 timars kamp mellom laks og fisker enda like opp mot Norgesrekorden. Suldalslågen, den mest vassrike elva på vestlandet, har sein oppgang av laks. Dermed startar fisket seint,20 juli, men varer heilt fram til 1. oktober. Og når fleire norske lakseelver slit med å levera, vert presset på Lågen desto større. Dei siste sesongane har Bjørn opplevd mang ein fortvila fiskar som ønskjer seg en dag og to på Mo Laksegard sine strekk, men er det fullt – så er det fullt.

Tradisjon & Miljø – står det på resepsjonsdisken og baren, og det vert understreka med ærekjensle. Det er det som er  den raude tråden i det som skjer oppe på Laksegarden. Tradisjon – fordi staden, dalen og elva har lange tradisjonar, heilt tilbake til Vikingtida.

Laksefiske

Gode fiskerar, flott elv, og store lakser – er eit inntrykk som sit att når me treff tålmodige fiskarar langs elva. Suldalslågen er ei av Vestlandets flottaste lakseelver, godt eigna for flugefiske. Og fiskarar kjem frå heile verda. Flugefiskarane held seg til svarte og grøne fluer, gjerne med litt gult eller raudt, og ein og annan glitrande utfordrar kan vera det som skal til, så sit storlaksen. Hølane og strekka er ofte store, avgrensa til 6 stenger, og i gå og kjøreavstand frå Laksegarden til Bjørn. Laksefisket har lange tradisjonar, og har sidan tida då engelske lordar leigde heile elva vore svært så eksklusivt. I dag er det enklare å komma til, og til priser som den jamne mann rår med. Mo Laksegard har eigen lokalkjent guide som hjelper til med utstyr, gode råd, veit nøyaktig kor fisken står, og kva som skal til for å få den på kroken. Hugs at Suldalslaksen er ikkje den som viser seg mest, så her er alle råd gode.

Laksesafari og Elveekspedisjon

Sjølv om Bjørn forstod at dette ville vera ei spanande oppleving for mange, tenkte han nok ikkje kor stort det kom til å bli det å symje saman med laksen i elva. Det er det du gjer når du blir med på Laksesafari. Flyte fritt i straumen i tørrdrakt med dykkarmaske og snorkel, sjå ein eigen verden under overflata, kjenne kreftene frå elva på kroppen, og møte laksen på veg oppover er ei heilt spektakulær oppleving.  Fleire titals tv-stasjoner frå heile verda har vore på Laksesafari og laga program om dette hjå Bjørn Moe.

Vil ein ikkje ta utfordringa med å flyte ned elva kan ein bli med på Elveekspedisjon. Her padlar ein med straumen i raftingbåtar. I villmarksleiren på elvebreidda stoppar for ein kaffitår og steiker pannekaker over leirbålet. Guiden som er med fortel historia til dalen og elva, og praten går. Ved enden av turen kjem ein til Sandsfossen og Laksestudioet der guiden gir deg eit innblikk i laksen si spanande verd.

Villmarksleir og Samarbeidstrening

Det er rart med det – komme seg ut av kontora og opne kontorlandskap – til det indre av Ryfylke, den mektige dalen og Lågen med, så er villmarka der, og set deg på litt andre prøver både fysisk og mentalt. Aktivitetane på Mo Laksegard handlar om å klarleggja og vekkja til ettertanke i arbeidet med å danna gode team og sterke arbeidsmiljø, der samhandling og felles mål er avgjerande om ein lukkast – eller det motsette. Kortversjonen (2,5 time) gir en smakebit og fristar til meir, og langversjonen gir oss alle nok tid til å lære oss, og å trene på samarbeid i naturen og landskapet som scene og arena. Gjennom utfordringane som vert gitt er det lettare å ta inn over seg forhold som kan overførast og gi positive innspel til den travle jobbkvardagen. Det gjer noko med deg når du bryner deg på naturen som arena og premissgivar. Tøft, herlig og moro.

Heimebryggja øl og god mat

Høyr på desse herlige namna – Suldøl og Glad Laks – og høyr på desse rettane – laks på grillen, nyplukka Matriske sopp frå skogen, Borghild si plommesuppe, sprøsteikt Suldalsskinke med sukkererter, og mor sine kjøttkaker, hjort og lam, nam nam… Smakane er mange, og gode, dei er huset sine, og dei er lokale og kortreiste. Ryfylke er eit helt unikt spiskammers med mat frå fjorden, dal og fjell, og når odelsguten vartar opp med øl frå gardsbryggjeriet, lyst og mørkt, er måltidet komplett og viktig. Her et me godt, og rausheten kan ingen setja fingeren på. Det er jo slik me forventar det – mat skal dei ha når det kjem framandfolk til gards.

Gjesteboka – er imponerande;

«Mat, glede, godt humør – og kjempeflott vertskap. Kunne ikke hatt det bedre.»

Tusen takk fra Petoro AS (Konsernledelsen)

«Takk til alle på gården for god service og god mat og ikke minst kjempekoselig overnatting. Mo Laksegard viste seg å være perfekt for denne lagbyggingssamlingen.
 Kommer helt sikkert igjen!»

Hydro Karmøy område sør

«With profound feeling of gratitude for very warm reception

and unique atmosphere in your nice house. We will remember it forever in the bottoms of our hearts!»

AF major – gen. v/Vladimir Liakov, Twice Hero of the Soviet Union

 

Til og med Kong Harald og Dronning Sonja har sett sine navnetrekk her, etter ein tur innom for å sjå kva gardsturisme er.

Mvh alle oss i Håndplukket SA

Sand
Skjema
Alle felter må fylles ut
Din melding ble sendt! Du hører fra oss snart. Takk!